"Forteljingar du seint vil gløyma"
![]() Foto: Johan Åkre |
I forteljarkokeriet samlar eg forteljingar eller brokkar av forteljingar eg har høyrt heilt frå barndommen av og til i dag.
I blant finn eg annan informasjon om desse forteljingane i gamle dagbøker, aviser eller arkiv, og då koker eg dette saman med det munnleg overleverte stoffet. På denne måten har eg jobba fram både hundre år gamle kjærleikshistorier og heile livshistorier.
I den seinare tid har fleire menneske, både eldre og yngre, nordmenn og innvandrarar, gitt meg sine historier, dei har fortalt frå sine liv.
I forteljarkokeriet er nokon av desse blitt til lengre forteljarforestillingar.
Dessutan er skriftlege, kulturberande forteljingar òg blitt til munnlege forteljingar i kokeriet mitt.
Les kva Lise Bjelland skriv om Forteljarkokeriet i FRI, magasinet for SULDAL OG RØLDAL, her......
